Les Frøydis Århus’ “IMMATERIELL LITTERATUR” om Mette Edvardsens “Time has fallen asleep in the afternoon sunshine”

Frøydis Århus er teaterviter, kritiker og skribent. I dette essayet skriver hun om Time has fallen asleep in the afternoon sunshine som en mulighet til å se på verdens litteratur på en ny måte. * Essayet er skrevet i 2019, til oBs publikasjon 'Oktober 2019'.

Bøker vert lesne for at ein skal hugse, og skrivne for at ein skal gløyme. Mette Edvardsens Time has fallen asleep in the afternoon sunshine er eit prosjekt som tillet oss å vende om på dette. Her vert bøker hugsa for å kunne lese og gjenskrivne for å sjå korleis ein har gløymt.

I Time has fallen asleep in the afternoon sunshine har ei gruppe utøvarar memorert ei sjølvvald bok. Saman utgjer utøvarane ei biblioteksamling av levande bøker. Bøkene går omkring i rommet, dei sit i stolar, les i papirbøkene på hyllene, pratar saman, ser ut av vindauga, klare til å møte lesarane sine. Gjestane vel ei bok dei har lyst til å lese, og boka tek lesaren med til ein ledig krok eller ut i friluft medan dei resiterer frå innhaldet i boka.

Dersom du skulle lære deg ei heil eller delar av ei bok utanåt, ei som skulle verte ein del av minnet ditt, kva ville du valt? Språkleg sett kling det å lære ei bok utanåt meir poetisk gjennom det engelske «learning by heart». Reint praktisk er dette likevel ei oppgåve for hjernen og minnet. Likefullt er sjølve valet, det å forplikte seg til å lære ei bok som kjem til å vere med deg, meir eller mindre for resten av livet, eit val ein gjer med visse innspel frå hjartet. Det å kunne lære ei heil bok avheng både av personlege evner og omfanget til boka ein vel. Ein kan i teorien velje seg Marcel Proust med På sporet av den tapte tid, eit verk på 7 bøker og over 3000 sider, eller verdas kortaste roman, The Dinosaur av Augusto Monterroso. Denne går i sin fulle lengde slik: «When he woke up, the dinosaur was still there.» Tidsaspektet ved å lære desse to romanane utanåt er nokså ulikt.

Det å lære utanåt er ein kontinuerleg syssel. Det finst ikkje noko endeleg eller materielt å vinne, og resultatet er ikkje mogleg å omsetje som vare. Det er såleis noko utopisk over ein slik praksis. Sidan kunstprosjektet starta i 2010, har Mette Edvardsen invitert personar til å memorere bøker for seinare å formidle dei til publikum gjennom ei rekkje arrangement i bibliotek verda over.

Ideen skriv seg frå Ray Bradbury sin roman Fahrenheit 451 om ei gruppe menneske som på grunn av sensur ser seg nøydde til å redde kunnskap ved å lære seg bøker utanåt. Time has fallen asleep in the afternoon sunshine er som i eit offentleg bibliotek, tilgjengeleg for alle som vil komme å lese.

«Time has fallen asleep in the afternoon sunshine» var setninga som fekk romanfiguren Guy Montag, hovudpersonen frå Fahrenheit 451, til å stoppe opp og stille spørsmål. Romanen er ein framtidsdystopi, ei bok i science fiction-sjangeren om eit samfunn i djup krise der myndigheitene forbyr folket å lese bøker. Montag lever i ei tid der innbyggjarane si kollektive lukke skal oppnåast gjennom fråvær av ytre intellektuell stimuli, kunnskap og individuell tenking. Montag er brannmann, og jobben hans er å brenne ulovlege bøker. Han fylgjer ordrane han får, og han kan lesast som eit bilete på pragmatisme og ignoranse i møte med, eller som produkt av, eit fascistisk regime.

«Time has fallen asleep in the afternoon sunshine» er eit sitat frå boka Dreamthorp: A Book of Essays Written in the Country av den skotske forfattaren Alexander Smith. Denne boka er, i tillegg til å vere ei hyllest til naturen, ei undersøking av relasjonen mellom forfattaren og den som les. Smith tek tak i ideen om at det finst eit uhandgripeleg, men intimt og nært band mellom avsendaren og mottakaren av all litteratur. Det er denne setninga, «Time has fallen asleep in the afternoon sunshine», som vekkjer noko i Montag, brannmannen som ikkje er tilsett for å sløkkje, men for å starte brann. Den enkle linja openberrar seg for brannmannen rett før flammane sluker boka. Dette får han til å stille spørsmål ved si eiga rolle i regimet, og på eit meir personleg og eksistensielt plan, om han eigentleg gjer det beste ut av livet sitt. Det er som om han kjenner ein slags irrasjonell sympati med boka, dette daude objektet som i all enkelheit ber oss om å nytte den verdifulle tida vi har vorte tildelt. Tittelen Fahrenheit 451 refererer til temperaturpunktet som får papir til å byrje å brenne. I forteljinga om Montag kan det også tolkast som punktet der sjølvkritikken slår inn og Montag spør seg kva han eigentleg held på med. Dette er ikkje berre ei systemkritisk bok, men også ei bok som oppfordrar til å reflektere over tida og vår eigen eksistens.

Det å lese er ein einsam praksis. Biletkunsten kan opplevast kollektivt. Scenekunsten vender seg til publikumet sitt, og musikken og filmen let oss sympatisk nok velje om vi vil vere saman eller åleine om kunstopplevinga. Berre bøkene insisterer på einsemda, ved å innlemme berre ein og ein av oss av gongen. Litteraturens negasjon av kollektivet er nådelaus, og bøkene vil alltid krevje tid og merksemd i byte mot innhaldet. Litteraturens utilgjengelege natur gjer at han står i hierarkisk særstilling som noko opphøgd. Time has fallen asleep in the afternoon sunshine speler som idé og kunstprosjekt mellom anna på den implisitte eksklusiviteten i litteraturen, då lesinga går føre seg ein til ein, i møte mellom to individ. Samstundes vil denne situasjonen også bære med seg eit element av det performative og såleis nærme seg meir kollektive kunstformer.

Bok (venstre) og leser (høyre). Foto: Niklas Lello

Gjennom å lære seg innhaldet utanåt har dei menneskelege, immaterielle bøkene teke makta frå boka som objekt og frigjort lesaren. Boka vert løyst frå sin fysiske funksjon, og innhaldet er prisgitt den munnlege overleveringa. Tidsaspektet ved ein slik praksis er om mogleg langt meir ekstremt enn ved å lese. Det nærmar seg det irrasjonelle, men opnar, slik tittelen på prosjektet insinuerer, opp for ei anna oppleving av tid.

På noverande tidspunkt finst det over 80 bøker som meir eller mindre ordrett svevar omkring i minnet til dei som har memorert dei. Prosjektet har vorte gjennomført ved bibliotek fleire stader i verda. På stadene der engelsk ikkje er hovudspråket, har behovet for lokale bøker tvinga seg fram. Dei levande bøkene finst difor på til dømes tysk, italiensk, arabisk, engelsk, norsk, fransk og nederlandsk. Nokre finst på originalspråket, andre i omsetjing. Alle er handplukka av den som memorerer, fritt og utan føringar. Nokre av personane som har memorert, har etter kvart også skrive ned boka si, slik ho eksisterer i minnet deira. Denne samlinga, med undertittelen Rewriting, tel i dag 9 utgåver. Desse gjenskrivne tekstane er variasjonar over originalbøkene, filtrert gjennom den selektive hukommelsen som trekkjer frå, og den autonome fantasien som legg til eller erstattar. Second generation er ei anna forgreining av prosjektet som også byggjer på overlevering, berre i munnleg form frå ei levande bok til ein lesar som vil lære å memorere boka. Det finst mange bøker som har vore viktige i valprosessane. Nokre av desse vart vurderte for memorering, og andre er bøker som kanskje skal lærast i framtida, eller som på andre måtar står i relasjon til dei valde bøkene. Desse er samla i eit eige skuggebibliotek, eller Shadow Library. I åra som har gått sidan prosjektet starta i 2010, har Edvardsen også invitert skribentar, kunstnarar, teoretikarar og akademikarar til å skrive om prosjektet. Nokre av desse tekstane er samla i utgjevinga Afternoon Editions, og andre vil komme ut i ein ny publikasjon som vil vere tilgjengeleg under biennalen.

En samling av vanlige bøker i biblioteket som har blitt levende bøker. Foto: Niklas Lello

I den vesle verda av immateriell litteratur som i dag utgjer omlag 80 levande bøker, finn vi lag på lag av oppdikta og historiske figurar og litterære storleikar. I samlinga finn vi Bartleby, the Scrivener, kopisten som nekta å kopiere, skapt av Hermann Melville. Vi finn også Goethe og historia om Faust, han som nektar å innsjå eigne grenser som menneske, og som difor let seg freiste til å bytehandle med djevelen. Ein namnlaus katt finst også i samlinga. Katten er skapt av den japanske forfattaren Natsume Sōseki og vart hans talerøyr i romanen I am a Cat for å skildre den øvre mellomklassen i Japan under Meiji-perioden. Vi finn også ein annan namnlaus protagonist, den 15 år gamle jenta frå Elskeren av Marguerite Duras, som fortel om kjærleik i Indokina. Erika frå Pianolærerinnen av Elfriede Jelinek skildrar korleis det er å vere kua av si eiga mor, og Gabreel og Saladin frå Sataniske vers av Salman Rushdie skildrar migrasjon og identitet. Frå den fyrste boka kom til i 2010 og framtilidag,hardetgått9år.Idagerogsåden før omtalte Guy Montag frå Fahrenheit 451 ein del av samlinga.

Forteljarane frå bøkene, oppdikta eller historiske, er ein mangfaldig og snodig gjeng som lever farleg der i minnet. Det å lære bøker utanåt er sisyfosarbeid. Når ein har lært seg sjette kapittel, er tredje kapittel i ferd med å bleikne frå minnet. Utan kontinuerleg vedlikehald vil nyansane verte borte. Med nyansane forsvinn intensjonen, med den motivasjonen, og seint men sikkert vil historia kollapse før ho heilt forsvinn frå minnet.

osloBIENNALEN FØRSTE UTGAVE 2019–2024 har gitt Time has fallen asleep in the afternoon sunshine høve til å slå rot for ein lengre periode. I biennalen sine lokale i Myntgata vil det alltid vere eit sirkulerande utval bøker til stades for at du, eg og dei som måtte komme innom, skal få møte verdslitteraturen og kanskje også tida på ein ny måte.

osloBIENNALENFØRSTE UTGAVE